Jane King () er ein diktar frå Saint Lucia som har ei leiande stilling i engelskspråkleg karibisk litteratur i etterkrigsgenerasjonen.

Liv

Jane King blei fødd i Castries på Saint Lucia, men hadde ein omflakkande barndom der familien hennar budde på Trinidad and Tobago, Barbados og i Skottland dei første åra av livet hennar. Etter å ha gått på skulen St Joseph's Convent på St Lucia vann ho eit lokalt stipend til å studera ved University of Edinburgh. Sidan 1976 har ho undervist ved ulike institusjonar, mellom anna Sir Arthur Lewis Community College i Castries, der ho også har vore Dean for Division of Arts and General Studies.

King har gjeve ut to diktsamlingar: Into the Centre (1993) og Fellow Traveller (1994). Sistnemnde vann Commonwealth Writers Prize for Karibia og Canada og James Rodway Memorial Prize.

Jane King er også ein skodespelar og regissør, og var med på å skipa St Lucia's Lighthouse Theatre Company.

Ho er gift med diktaren Kendel Hippolyte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jane King (poet)» frå , den 21. april 2019.

Bakgrunnsstoff Kwame Dawes (red.), Talk Yuh Talk: Interviews With Anglophone Caribbean Poets, University Press of Virginia, 2001, pp. 173–82. .

"Interview with St Lucian poet, Jane King", Commonwealth Writers, 22 April 2012.

Kategori:Folk frå Castries Kategori:Sanktlucianske forfattarar Kategori:Karibiske diktarar Kategori:Engelskspråklege diktarar frå 1900-talet Kategori:Kvinnelege diktarar frå 1900-talet Kategori:Elevar ved University of Edinburgh