DS «Oscar» var eit norsk dampskip og det første skipet som gjekk i rutefart på Vestlandet.
Dei første dampskiprutene i Noreg vart sette i gang av staten våren 1827 då hjuldamparane DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl» byrja å gå i rute mellom Oslo og Kristiansand. I 1825 vart det teke initiativ i Bergen om å skaffe eit dampskip som kunne trafikkere kysten på Vestlandet. «Oscar» vart bygt hos S. Owen i Stockholm og i april 1828 (andre kjelder seier hausten 1827) vart skipet sett i rute mellom Bergen og Kristiansand av Interessentselskabet Oscar. Dette vart det første privateigde dampskipet i landet. Ruta gjekk derimot dårleg og etter to år gjekk reiarlaget konkurs og måtte selje skipet.
Dei nye eigarane sette det i ruta mellom Christiania og Larvik, men denne ruta òg gjekk dårleg og «Oscar» vart selt i 1830 til Lübeck. «Constitutionen» gjekk nokre år to turar frå Christiania til Bergen kvar sommar frå 1829 til 1839, ein i juni og ein i august. Utanom dette var det ingen dampskipsfart på Vestlandet mellom 1829 og 1841. I 1841 vart det statlege DS «Nordcap» sett inn i fart mellom Kristiansand, Bergen og Trondheim.
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Skip frå 1827 Kategori:Norske hjuldamparar Kategori:Skip bygde i Stockholm