Aani Aanisson Rysstad () var ein norsk gardbrukar, landhandlar og stortingsrepresentant frå Hylestad i Aust-Agder.

Rysstad var son til ein småbrukar og arbeidde i yngre år som ljåsmed. Sidan dreiv han gard og landhandel. Frå 1922 til 1955 var han medlem i Hylestad heradsstyre, ordførar 1934-47 og varaordførar 1937-40 og 1945-51. I Hylestad var han elles formann i arbeidsløysenemnda og i likningsnemnda. Rysstad var også formann for ei interkommunal nemnd som arbeidde for veg over heia til eit samband mellom Oslo og Stavanger, dessutan for Nemnda for Valle-Bykle og Hylestad for å få heiestrekningane tilbake til i kommunalt eige.

Stortingsbolken 1945-49 representerte han Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Justiskomiteen. Den neste fireårsperioden var han 1. vararepresentant frå den nye heile fylkeskrinsen Aust-Agder.

Rysstad var ein aktiv spelemann, mellom anna på munnharpe. Han var formann i Setesdal Spelemannslag perioden 1936-40 og seinare Norske Bygdekunstlag. I 1924 gav han ut boka Lagnad. Folkelivsskildring frå Setesdal.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Folk frå Valle Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet