DS «Finmarken» (kallesignal JPGR) var eit dampskip bygt i 1864 som passasjer- og frakteskip og var det femte skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Bakgrunn I september 1859 avvikla Staten postruta si mellom Bergen og Trondheim, som vart overteken av BDS, og i 1865 fekk BDS og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i lag kontrakten på postruta frå Bergen til Tromsø og Hammerfest. Fire år seinare vart òg ruta til Vardø overteken og i lag hadde dei to selskapa då ei samanhengande rute frå Oslo til Vardø.

Historie Etter at kjøpmenn i Bergen hadde hatt ein svak periode i handelen i slutten av 1850-åra, vart det i starten av 1860-åra på ny interesse for å få i stand ei rute til Nord-Noreg. Leiande kjøpmenn i byen gjekk så i lag og skipa Det Nordlandske-Finmarkske Dampskibsselskab den 27. april 1863. Dei kontraherte eit skip frå M. Samuleson & Co frå Hull, men kontrakten vart overteken av BDS i desember 1863, og alt i mars 1864 gjekk det nye selskapet inn i Bergenske. Skipet vart levert til Bergen i juni 1864 og gjorde at Bergenske no stod sterkt rusta til å ta over postruta til Staten. Dette var staten på den sterke posisjonen selskapet skulle kome til å ha i mange år i farten til Nord-Noreg.

Skipet gjekk i ruta frå Oslo til Hammerfest og Vardø. I 1890 vart det gjennom ført reparasjonar med ny kjel, ny høgtrykkssylinder og eit nytt jernhus midtskips. I 1894 fekk skipet to nye dampspel og i 1896 ein ny donkeykjel på 80 pund.

21. september 1898 grunnstøytte «Finmarken» på Fiskholmen ved Nord-Leksa i Trondheimsfjorden. Det vart berga i 1899 og slept til Bergen. Etter ei vurdering der i august 1899 vart skipet kondemnert.

Sjå òg Andre fartøy som heiter «Finmarken».

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i England Kategori:Skip frå 1864 Kategori:Forlis i 1898 Kategori:Forlis i Trøndelag Kategori:Historie i Agdenes kommune