DS «Castor» var eit dampskip bygd som «Rugenwalde» av Short Brothers i Sunderland og levert for E. Hemptenmacher i Rugenwalde i Tyskland i juli 1875.
Skipet vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab i 1887 for 36 500 kroner. Dette var det første eigentlege lasteskipet som vart kjøpt inn av Bergenske for ruta Kristiansund - Hamburg.
Skipet var det første av fem skip for Bergenske som var kalla opp etter stjerna Castor.
Historie I 1892 fekk skipet ein ny kjel på 100 pund. «Castor» grunnstøytte ved Blyth i 1897. Ein 76-tommars kjøl og 22 plate vart erstatta og skipet vart sett i fart att. I 1901 fekk skipet ny donkeykjele frå .
17. mars 1905 forliste «Castor» på Listerrauna ved Farsund på reise mellom Bergen og Oslo med jernbaneskjener.
Sjå òg For andre skip kalla «Castor», sjå Castor (fleirtyding)
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Tyske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Tyskland Kategori:Skip frå 1875 Kategori:Forlis i 1905 Kategori:Forlis i Agder Kategori:Historie i Farsund