Olav Dørum () var ein norsk bistandsarbeidar, diplomat og ambassadør.Fødselsdato henta frå gravferdsetaten i Oslo.
Dørum voks opp på Bekkelaget utanfor Oslo og var med i Milorg under andre verdskrigen. Han byrja arbeida i Utanriksdepartementet i 1947, og tenestegjorde først som kansellist i Hong Kong. Frå 1951 til 1972 arbeidde han for UD i Oslo, frå 1972 til 1974 i Lusaka som Norad-representant. Frå 1973 til 1975 var han hovudansvarleg for den direkte kontakten for norske styresmakter med frigjeringsrørsler som ANC, SWAPO, MPLA, ZAPU og ZANU.Norsk ambassadør ble likvidert? i NTB tekst den 16. juli 1988. Etter ytterlegare to år i Oslo og UD vart han i 1978 ambassaderåd ved den norske ambassaden i Kairo og i 1979 chargé d'affaires i Beirut.W. G. Solberg, Olav Dørum, nekrolog i Aftenposten den 23. september 1987. Han var sendemann (ambassadør) til Tanzania, stasjonert ved ambassaden i Dar-es-Salaam frå 1982 til 1985 og sideakkreditert til Botswana og Angola. Frå tidleg i 1987 var han ambassadør stasjonert ved den norske ambassaden i Harare i Zimbabwe, sideakkreditert til Zambia.
Dørum vart påkøyrt og døydde i Genève same haust.Olav Heltne, Norsk ambassadør i ulykke den 22. september 1987, nemner at Dørum blei kjørt ned av ein full student frå Namibia. Påstanden om at det var ein likvidasjon, vart avkrefta av norsk politi året etter.Tor Strand, Drept av Botha? i VG 16. juli 1988, nemner at politiet etterforska ulukka med sjåføren Hans Guibeb som drapssak. I 1996 bad familien om gjenopptaking av etterforskninga.Geir Selvik, Ba presidenten om beskyttelse. Gjerningsmannen drept i 1989 i Dagbladet den 2. oktober 1996.Ifølgje —min bror ikke agent i VG den 10. april 1996, var broren Andreas Guibeb ein student som bodde i Genève da ulykken skjedde. Andreas Guibeb blei senere namibisk ambassadør til Zambia. Innstillinga frå Politiets tryggingsteneste til Lasse Qvigstad året etter avfeide teorien om attentat.Tror ikke på attentat mot Dørum i NTB tekst den 26. august 1997. I 2000 kom det ut ein NRK-dokumentar om Dørum.Hvorfor døde Olav Dørum? frå NRK den 29. november 2000.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olav Dørum» frå , den 27. mai 2019.
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske bistandsarbeidarar