Bergchirurgus var ein person som i eldre tid var tilsett ved ei gruve, for å lækja skadar som sår, knuste lemmar osb. Bergchirurgus utførte i grove trekk dei same oppgåvene som ein feltskjær,W. Persig, Kurzgefasstes zum Bergbau, Montan- und Hüttenwesen, zur Bergmannssprache, montanen Kulturlandschaft Erzgebirge/Krušnohoří und mehr, Prosjektarbeid, 2016. og nokre fungerte ofte som feltskjær i krigstid. Mange hadde nok lært handverket i samband med krigshandlingar. Tittelen bergchirurgus var i bruk ved Kongsberg Sølvverk og Røros koparverk. Løna til bergchirurgus kom delvis frå bekkenpengar og delvis frå koppar- eller sølvverket, ved at bergchirurgus fekk betalt for tenestene sine.
Sjå òg Feltskjær Bartskjær Krafskjerring
Referansar
Kategori:Helsepersonell Kategori:Historiske yrke Kategori:Tyske ord og uttrykk