Halvor Thorstein Romdal Diesen () var ein norsk jurist, journalist og avisredaktør.Arne Bonde, Thorstein R. Diesen i Store norske leksikon

mini|venstre|Thorstein Diesen på kontoret sitt.

Etter ein oppvekst i Enerhaugen tok han examen artium 1881 og vart cand.jur. i 1886. Etter ei tid i avisa Fædrelandet var han dommarfullmektig i Voss og Hardanger 1886-90. Han var redaktør i Bergens Aftenblad 1891-98 før han vart engasjert som sekretær for Høgre av Emil Stang i 1899.

Diesen gjekk til Aftenposten som politisk redaktør 1899-1900. I 1901 byrja han som sakførar i Kristiania, og vart advokat i 1904. Han dreiv òg si eiga avis - Akersposten - fram til 1908. Då vart han nok ein gong politisk redaktør i Aftenposten. Han var redaktør 1913-1925 etter Amandus Schibsted, frå 1920 saman med Frøis Frøisland.

Diesen gav ut verka Folkeafstemning, en historik og en udredning (1912) og Fra riksretten til 1905 (1922). Han omsette også verk frå fransk.

Han var far til journalisten Einar Diesen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thorstein Diesen» frå , den 27. mai 2019.

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Journalistar i norske lokalaviser Kategori:Redaktørar for Aftenposten Kategori:Sorenskrivarar