DS «Venus» (kallesignal JVCH) var eit dampskip bygt i 1890 som eit passasjer- og lasteskip for ukjend eigar ved C.S. Swan & Hunter i Newcastle. Det vart lagt opp etter sjøsetjinga ved verkstaden. I november 1892 vart det kjøpt uferdig av Det Bergenske Dampskibsselskab for kring 430 000 kroner og levert til selskapet i mars 1893 som «Venus». Skipet vart sett rett inn i englandsruta Bergen-Stavanger-Newcastle upon Tyne.
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Venus er ein planet i solsystemet.
Historie «Venus» gjekk i englandsruta det meste av karrieren sin, berre avbrote av første verdskrigen. Då krigen braut ut var det hundrevis av utanlandske turistar, britiske og franske, i Bergen. Trass i trugselen om krigshandlingar i Nordsjøen, sendte Bergenske ei rekkje skip i over Nordsjøen for å få turistane heim. «Venus» var blant desse skipa.
I juni 1930 vart skipet omdøypt til «Sylvia», då namnet vart teken over av den nye . Den 20. september 1933 vart skipet selt til Brødrene Anda i Stavanger for opphogging.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1095 bruttoregistertonn, 589 nettoregistertonn, og lasteevna var 740 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 976 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra trippel ekspansjon dampmaskin, levert av Wallsend Slipway Co. i Newcastle i England. Oppgjeven yting var 1 200 ihk (indikerte hestekrefter) og 250 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 13 knop. Skipet var bygd i stål og hadde køyeplassar fordelt på 44 personar på 1. plass (1. klasse), 14 på 2. plass og 52 på 3. plass på vinteren og på sommaren vart 1. plass utvida til 58 passasjerar, medan 3. plass vart justert ned til 32.
Skipet fekk nye donkeykjelar i 1899, 1903 og 1908. I 1914 fekk skipet radio frå Telefunken. Nytt straumlinjeror vart sett inn i 1928.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab For andre skip kalla «Venus», sjå Venus.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Newcastle Kategori:Skip frå 1890 Kategori:Skip sluttselga i 1933