Katakana (片仮名, カタカナ eller かたかな) er eit av dei tre japanske skriftsystema, saman med hiragana og kanji. Katakana blir brukt til å skiva framandord, eigenamn og andre ord med ikkje-japansk opphav, slik som ordet for datamaskin: コンピューター (konpyuutaa).

Katakana er ei kanaskrift der kvart teikn utgjer ei staving, til dømes /a/ (ア) eller ein annan kombinasjon av ein konsonant og ein vokal, som ネ (ne). Det finst ingen enkelståande konsonantteikn i katakana, bortsett frå ン (n). Teika i katakana har rette former som gjer at det skil seg frå hiragana, som har meir avrunda teikn.

Det er til saman 104 teikn med 46 grunnteikn i systemet, nett slik som i hiragana.

Vokalar ア aイ iウ uエ eオ oカ kaキ kiク kuケ keコ koサ saシ shiス suセ seソ soタ taチ chiツ tsuテ teト toナ naニ niヌ nuネ neノ noハ haヒ hiフ fuヘ heホ hoマ maミ miム muメ meモ moヤ yaユ yuヨ yoラ raリ riル ruレ reロ roワ waヲ woン nガ gaギ giグ guゲ geゴ goザ zaジ jiズ zuゼ zeゾ zoダ daヂ (ji)ヅ (zu)デ deド doバ baビ biブ buベ beボ boパ paピ piプ puペ peポ po

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katakana» frå , den 13. mai 2019.

Kategori:Japansk skrift