Masahiko Inadomi () var ein japansk forfattar, omsetjar og universitetslektor i japansk ved Universitetet i Oslo.

Han var den første japanaren som tok cand. philol.-graden med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo, der han skreiv hovudoppgåva «Den plettfrie. En analyse av Sigurd Hoels Møte ved milepelen», som seinare òg vart utgjeve i bokform. Inadomi kom til Noreg i 1954.Aftenposten - Nekrologer (9.6.1982, s.11) Inadomi fortalde seinare i eit intervju med Aftenposten at det var Bjørnsons Bondefortellinger som lokka han til Noreg.Aftenposten - Arne lokket meg hit sier Masahiko Inadomi (8.3.1957) Inadomi vart utnemnd til universitetslektor i 1971.

«Chunichi-Inadomi-fondet for norsk-japansk kulturutveksling» er oppkalla etter han. Fondet vart oppretta etter at den japanske avisa Chunichi Shimbun, som arrangerte ei Edvard Munch-utstilling i Japan i 1970-71, hadde donert overskotet av utstillinga på ¥10 000 000 til Universitetet i Oslo. Leiinga for Chunichi Shimbun ynskte å heidre den store innsatsen Masahiko Inadomi hadde lagt ned i samband med dei to Munch-utstillingane, og for norsk-japansk kultursamband generelt.UNIFOR Chunichi-Inadomi-fondet for norsk-japansk kulturutveksling

Inadomi var ein av drivkreftene bak «First Nordic Symposium in Japanology» som vart halde i 1981.

Omsetjingar Kenzaburo Oe, Min egen sak, 1968 (til norsk) Yasunari Kawabata, Kyoto eller De unge elskende i den gamle keiserby, omsett frå japansk saman med Inger Inadomi, Dreyer, 1969 Nic. Stang, Edvard Munch, 1974 (til japansk) Ei haiku-innføring. Haiku. 200 norske versjonar. Saman med Paal-Helge Haugen, Oslo: De norske bokklubbene. (1992) (1965)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Masahiko Inadomi» frå , den 20. mai 2019.

Fotnotar

Kategori:Japanske forfattarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske filologar Kategori:Folk frå Tokyo Kategori:Nordmenn av japansk opphav