Tone Anita Taring () var ein norsk handballspelar. Ho var rykkromspelar og deltok i 32 landskampar i tida 1979-81.
Taring var Njård-spelar til 1978. Sidan spelte ho for Nordstrand IF til 1989 og hadde enkelte innhopp i laget også seinare. Ho vann NM-sølv i 1980 og vart noregsmeister i 1987.
For det norske landslaget spelte Taring i vel to år, frå september 1979 til november 1981. På dei 32 kampane skåra ho 54 mål.
Kjelder
Totaloversikt for Taring, Tone Anita ved handball.no
Kategori:Norske handballspelarar