Happy to Meet – Sorry to Part er debutalbumet til det irske rockebandet Horslips. Det vart først gjeve ut i Irland mot slutten av 1972. Før dette hadde dei same året gjeve ut tre singlar: "Johnny's Wedding" og "Green Gravel" i Irland og "The High Reel" oversjøs. Happy to Meet – Sorry to Part vart òg gjeven ut året etter i Storbritannia, Tyskland, Frankrike og USA. I 1978 vart plata gjeven ut på ny i Storbritannia i lag med «The High Reel» som ekstra spor.

Albumet vert generelt rekna som det første keltisk rock-albumet. Med dette tok Horslips føringa i irsk musikk på den tida og skapte ei original blanding av tradisjonell irsk musikk og rock.

Den originale vinylutgåva kom ut i eit oktagonalt plateomslag.

Innhald

Medverkande Jim Lockhart - klaverinstrument, tverrfløyte, tinnfløyte, sekkepipe, vokal Johnny Fean - gitar, banjo Charles O'Connor - Fele, mandolin, concertina, vokal Barry Devlin - bassgitar, vokal Eamon Carr - trommer, bodhrán, perkusjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Happy to Meet – Sorry to Part» frå , den 25. mai 2019.

Bakgrunnsstoff Offisiell side om albumet

Kategori:Horslips-album Kategori:Debutalbum frå 1972