Timur Lenk () var ein tyrkisk herskarTimur Lenk, Store Norske Leksikon og grunnleggjaren av Timuridedynastiet. Han var også kjend som Timur den halte. Den eigentlege forma av namnet hans var Timur-i Lenk, som i Europa tidvis er blitt til Tamerlane.
mini|venstre|portrett|Portrett av Timut Lenk frå 1400-talet, kanskje ein kopi av eit eldre bilde. Bakgrunn Timur Lenk var fødd i Kesh (no Shahrisabz) eit stykke sør for Samarkand i dagens Usbekistan. Han høyrde til Barlas-stammen, ein tyrkisk stamme. Sjølv hevda han at han stamma frå Djengis Khan, den mongolske herskaren,Gérard Chaliand, Nomadic Empires: From Mongolia to the Danube, translated by A.M. Berrett, Transaction Publishers, 2004 men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-osmanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (Nord-India), Syria og Mesopotamia.
Kort tid etter at Timur døydde gjekk riket i oppløysing. Han kjempa blant anna mot den osmanske sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar i 1402.
I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket blei han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilde av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.
Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.
Timur Lenk var tippoldefar til Babur, som grunnla Mogulriket i India.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Timur Lenk» frå , den 4. juni 2006. Denne artikkelen bygger på «Timur» frå , den 22. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyrkisk historie Kategori:Persisk historie Kategori:Timuridedynastiet