mini|Denne Paulus-figuren har ein gong vore i Svatsum stavkyrkje, men er no å finne i Oldsaksamlinga i Oslo. Svatsum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Nedre Svatsum i Vestre Gausdal. Ein trur at kyrkja vart oppført på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet, og ho er første gong omtala i 1380. Kyrkja stod ved KirkebøGnr 85 i Svatsum, jf. Gardar i Gausdal., like oppi skråninga frå der dagens Svatsum kyrkje står. Av rekneskapar og protokollar går det fram at kyrkja hadde tårn, spontak og utvendige svaler.Enden (2010). Kyrkja forfall og vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1726. Denne vart so avløyst av dagens kyrkje i 1860. Stavkyrkjestaden vart påvist (eller bekrefta) av Dagfinn Skre i 1982.Skre (1988), s. 62.
Gjenstandar frå kyrkja Gjenstandar frå stavkyrkja vart overførte til tømmerkyrkja. Etter at Svatsum fekk ny kyrkje i 1860, vart materialar frå den gamle tømmerkyrkja brukt til å byggje Aulstad kyrkje, og det ser ut til at mykje av inventaret følgde med. Noko har seinare funne vegen til Oldsaksamlinga i OsloGjenstandane er typisk merka å vere frå Aulstad., eventuelt via eit mellomopphold i Nordiska museet i Stockholm. Bland ting som er rekna å stamme herfrå, er ein Paulus-figur (truleg frå Balke-skolen, ca. 1250–1330)Ifølgje jubileumshefte (1984) for Vestre Gausdal kyrkje, s. 21f., vart figuren kjøpt inn av Nordiska museet i 1881, for seinare — truleg i 1971 — å verte overlevert til Oldsaksamlinga. Enden (2010) stadfestar dette inntrykket., ein madonnafigurFormodentleg denne og eit krusifiksSand (1988), s. 12. Muligens C33288 hos KHM. Ifølgje Enden (2010) skal det vere eit par krusifiks.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Svatsum stavkirke» frå , den 29. mai 2019.
Bakgrunnsstoff Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2016), s. 65
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Gausdal Kategori:Kulturminne i Gausdal Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg