Easter Everywhere er det andre studioalbumet til det amerikanske psykedelisk rock-bandet The 13th Floor Elevators. Det kom ut i november 1967 på International Artists. Det vert av mange rekna som eit av dei beste psykedeliske albuma som er gjevne ut.Lundborg, Patrick. The Acid Archives: A Guide To Underground Sounds, 1965-1982. 2nd ed., Lysergia, 2010.

Albumet vart spelt inn i ein eigen psykedelisk stil som varierte frå «Slip Inside this House» til ein psykedelisk versjon av Bob Dylan sin «It's All Over Now, Baby Blue». «Levitation» er blant dei mest kjende songane til bandet. Som på det førre albumet spelar Tommy Hall elektrisk krukke på mange av songane.

Innhald

Medverkande

Roky Erickson – solovokal, rytmegitar, munnspel Tommy Hall – elektrisk krukke Stacy Sutherland – sologitar, solovokal («Nobody To Love») Dan Galindo – bassgitar Danny Thomas – trommer John Ike Walton – trommer («She Lives (In a Time of Her Own)», «Levitation») Ronnie Leatherman – bassgitar («She Lives (In a Time of Her Own)», «Levitation») Clementine Hall – korvokal («I Had to Tell You»)

Teknisk

Lelan Rogers – produsent Frank Davis – lydteknikar Walt Andrus – lydteknikar Guy Clark – fotografi Russell Wheelock – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Easter Everywhere» frå , den 29. mai 2019. oppgav desse kjeldene: Drummond, Paul (2009). Line notes to The 13th Floor Elevators - Easter Everywhere, Charly Records.

Kategori:The 13th Floor Elevators-album Kategori:International Artists-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Radar Records-album Kategori:Charly Records-album