Dagursk eller daur er eit mongolsk språk. Språket vert snakka av den etniske gruppa daur. Dagursk er inndelt i fire dialektar: amur-dagursk i nærleiken av byen Heia, nonni-dagursk på vestsida av Nonnielva frå Qiqihar i sør til Morin Dawa Daur-banneret i nord, Hailar-dagursk søraust for bydistriktet Hailar og ein fjerde dialekt i nærleiken av byfylket Tacheng i Xinjiang.

Halvparten av vokabularet i dagursk er mongolske arveord, medan oppunder ein tidel er lånord frå kinesiskSengge 2004b og ein tidel stammar frå mandsjuisk. Dagursk har også lånord frå evenkisk og russisk, og omtrent ein femdel av vokabularet har ikkje etymologi utanfor dagursk.Tsumagari 2003: 151-152

Under Qing-dynastiet (1644–1912) vart dagursk skrive med det mandsjuriske alfabetet.Engkebatu 2001 Dagursk har ikkje ein standardisert ortografi. Daurfolket brukar mongolsk og kinesisk skrift, sidan dei fleste talarane også kan desse språka.Tsumagari 2003: 129 Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dagur language» frå , og «Daur (språk)» frå den 31. mai 2019.

Referansar

Bibliografi

Engkebatu (2001): Cing ulus-un üy-e-dü dagur kele-ber bicigdegsen jokiyal-ud-un sudulul. Kökeqota: Öbür monggol-un yeke surgaguli-yin keblel-ün qoriy-a.

Sengge (2004): Daγur kele. In: Oyunčimeg 2004: 616-617. Sengge (2004a): Daγur kelen-ü abiy-a. In: Oyunčimeg 2004: 618. Sengge (2004b): Daγur kelen-ü üges. In: Oyunčimeg 2004: 619. Sengge (2004c): Daγur kelen-ü kele ǰüi. In: Oyunčimeg 2004: 618-622. Tsumagari, Toshiro (2003): Dagur. In: Janhunen, Juha (ed.) (2003): The Mongolic languages. London: Routledge: 129-153. Yu, Wonsoo, Jae-il Kwon, Moon-Jeong Choi, Yong-kwon Shin, Borjigin Bayarmend, Luvsandorj[iin] Bold (2008): A study of the Tacheng dialect of the Dagur language. Seoul: Seoul National University Press.

Kategori:Språk i Kina Kategori:Mongolske språk Kategori:Einskildspråk