mini|Bryllaupskyrkja i Kafr Kanna, ein av stadene føreslåtte som Kana i Bibelen. Kana er ein stad omtalt i Det nye testamentet som særleg er kjend for vinunderet, der Jesus gjorde vatn om til vin.

Kana låg i Galilea, kanskje rundt 14 km nord for Nasaret. Staden er omtalt fleire gonger i Johannesevangeliet. Bryllaupet i Kana (Joh 2,1–11) er forteljinga om underet der Jesus gjorde vatn om til vin.

Det er ikkje kjend nøyaktig kvar Kana var. Minst fem stader kjende i moderne tid er blitt føreslåtte som den bibelske staden:Tom McCollough, "Searching For Cana Where Jesus Turned Water into Wine", Biblical Archaeology Review, Nov./Dec. 2015, bd. 41, nr. 6, s. 32.

Qana i Libanon (også kjend som Qana al-Jalil) Kafr Kanna i Israel (også kjend som Kefar Kenna) Khirbet Kana i Israel Karm er-Rasm i Israel Ain Quana i Israel

Kjelder

Kategori:Johannesevangeliet Kategori:Stader i det nye testamentet