In the Dark er det tolvte studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn i løpet av ei veke i januar 1987 og først gjeve ut 6. juli 1987.
In the Dark var det første albumet til bandet på seks år og det første studioalbumet sidan Go to Heaven i 1980. Det vart uventa populært og selde til dobbel platinaplate i USA. Det nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista og vart det einaste albumet deira som nådde topp 10 på albumlista. Songen «Touch of Grey» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, den einaste singelen deira som nådde topp 40.Albano, Ric (7. september 2012). «In the Dark by Grateful Dead», Classic Rock Review. Henta 22. mars 2014. Musikkvideoen til songen vart òg mykje vist på MTV. «Hell in a Bucket» og «Throwing Stones» (som det òg vart laga musikkvideoar for) vart mykje spelt på radio.
Produksjon Dei fleste songane var blitt spelt av The Dead sidan 1982 eller 1983, noko som gav dei fem år på å klargjere dei for albumet. Etter at Go to Heaven fekk harsk kritikk vart In the Dark mykje betre teken i mot.
Sidan bandet hadde spelt songane ei stund, valde dei å spele inn grunnspora i eit mørklagt, tomt teater («In the Dark»), på ein scene med dei same lysa som dei brukte på konsertane sine. Ideen var å fange «kjensla» dei hadde for songane då dei spelte dei på scenen. Dette vart gjort i Marin Veterans Memorial Auditorium i San Rafael i California.
Trommeslagaren Bill Kreutzmann fortalte: «Me køyrde alle dei elektriske instrumenta gjennom forsterkarar i kjellaren i isolerte rom, og heldt trommene lyse og høglydte på scenen. Alt vart sendt til innspelingslastebilen som stod parkert utafor. Alle spelte sine parti samstundes, i lag. Når me hadde pause gjekk me bak scenen og sat der og snakka om det me hadde gjort. Me snakka om musikk, og så gjekk me rett ut att og spelte musikk, og så snakka me litt meir om det. Det er noko me burde ha gjort oftare - analysane tente songane og kameraderiet tente bandet. Det tok oss verkeleg til ein bra stad.»
Dei tok så desse spora inn i studio og om naudsynt «reinska» dei, la til ekstra lydspor eller gjorde enkelte ting om att.
In the Dark kom ut på CD i 1987 på Arista Records og igjen i 2000 på BMG International. Det vart ommastra med bousspor og nytt omslag for plateboksen Beyond Description (1973–1989) i oktober 2004. Denne utgåva kom ut som eige album i 2006.
Innhald
Originalutgåve
Merk: «My Brother Esau» var ikkje med på LP- og CD-utgåva av In the Dark, men var med på kassettutgåva og internasjonale utgåver av albumet, i tillegg til utgåva frå 2004.
Medverkande
Grateful Dead Jerry Garcia – gitar, vokal Bob Weir – gitar, vokal Brent Mydland – klaverinstrument, vokal Phil Lesh – bass Bill Kreutzmann – trommer Mickey Hart – trommer, perkusjon
Produksjon Bob Bralove – programmering, spesialeffektar Guy Charbonneau – lydteknikar Dan Healy – lydteknikar Jeffrey Norman – lydteknikar David Roberts – lydteknikar Jeff Sterling – lydteknikar John Cutler – produsent, lydteknikar Gail Grant – design Herb Greene – kunstnarisk leiar, fotografi Randy Tuten – plateomslag
Salslister Album - Billboard ÅrListePlassering1987The Billboard 2006
Singlar - Billboard ÅrSingelListePlassering1987«Touch of Grey»Mainstream Rock Tracks1The Billboard Hot 1009Adult Contemporary15«Hell in a Bucket»Mainstream Rock Tracks3«West L.A. Fadeaway»Mainstream Rock Tracks40«Throwing Stones»Mainstream Rock Tracks15
Salstrofé SertifieringDateGull4. september 1987Platina18. september 1987Dobbel platina10. august 1995
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In the Dark (Grateful Dead album)» frå , den 5. juni 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Album produserte av Jerry Garcia Kategori:Arista Records-album Kategori:Grateful Dead-album Kategori:Rhino Records-album