Here We Are Again er det fjerde studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, utgjeve i juli 1969. Det nådde 48. plassen på Billboard 200, og låg 11 veker inne på lista.Whitburn, Joel: Top Pop Albums 1955-1996. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Ltd., 1996, p. 183 Berre Country Joe McDonald og Melton var att frå den originale besetninga på dei førre albuma. Dei tidlegare medlemmane var derimot med som gjesteartistar.

Songane vart skrivne av Country Joe McDonald og Barry Melton. I tillegg til «Country Joe» McDonald (vokal, gitar) og Barry «The Fish» Melton (sologitar, vokal), spelte òg dei opphavlege medlemmane Gary «Chicken» Hirsh på trommer og David Bennett Cohen (Hammondorgel, piano og gitar) på plata. Dei andre instrumenta vart spelte av Mark Ryan og President Flyer.For full details see Tilch, K.D.: Rock LPs 1955-1970. Bd. 1: A-E. 3. erw. Aufl. Hamburg: Taurus Press, 1990, p. 353 For første gongen på albuma deira, nytta dei strykarar og blåsarar på somme av spora, noko som gav dei meir pop-karakter. Songane «I'll Survive» og «Maria» vart spelte inn i Vanguard Studios på 23rd Street i New York. Dei andre vart spelte inn i Pacific High Studios i San Francisco.

Ein singel frå albumet, «Here I Go Again»/«Baby, You're Driving Me Crazy», kom ut, men gjekk ikkje inn på salslistene.cf. Whitburn, Joel: Top Pop Singles 1955-1993. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Ltd., 1994, p. 136

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Here We Are Again (Country Joe and the Fish album)» frå , den 9. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Country Joe and the Fish-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Samuel Charters Kategori:Vanguard Records-album