mini|Nærbilde av eit stykke grosgrain-band. Ribbene på tvers av lengda til bandet er det som kjenneteikner stoffet. mini|Grosgrain-band i ulike fargar og breidder.

Grosgrain er eit tjukt, sterkt stoff med ein ribba overflate. Det er ein tett vevnad i lerretsbinding med ribber danna på tvers av stoffet av di innslaget er tyngre enn renninga.Kate Heinz Watson, Textiles and Clothing American School of Home Economics, Chicago: 1907: pp 91 Ordet «grosgrain» kjem frå fransk gros grain, 'grov struktur'.

Grosgrain blir typisk laga med renning av silke eller kunststoff som rayon. Til innslag kan ein bruka same type stoff eller eit anna, som bomull. Ein kan også laga heile stoffet i bomull.

Stoffet blir ofte laga i smale band, men kan også vera breiare. Det blir mykje brukt som hatteband, men kan også brukast til slips, kanting og dekorasjon.

Galleri

Sjå òg Grogram

Kjelder

Kategori:Vovne stoff Kategori:Franske ord og uttrykk