mini|Jente med trutmunn

Trutmunn eller trut er eit andletsuttrykk der munnen er pressa saman og leppene er skotne framåt. Uttrykket kan mellom anna symbolisere flørt, misnøye eller ettertanke.

Etter kvart som sosiale medium har vorte populært, har uttrykket duckface oppstått. Det skildrar ei tilgjord mine, særleg brukt i fotografiske portrett i sosiale medium, der ein poserer med trutmunn. Ordet kjem frå amerikansk-engelsk «duck face», som kan omsetjast til andeandlet.

Kjelder

Kategori:Andletsuttrykk