Zara er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det er vanleg i fleire engelsktalande land, og i ein del land i Søraust-Europa.

Opphav kan vera: ein skrivemåte av Sara, som har opphav i hebraiske Sarah (hebraisk: שָׂרָה) og tyder «prinsesse». ei engelsk form av Zaïre, eit namn brukt av den franske forfattaren Voltaire i skodespelet 'Zaïre' frå 1732. Voltaire kan ha basert dette namnet på arabiske Zahra, som tyder «kvit», «blome» eller «lys». ei bulgarsk kjæleform av Zaharina eller Zaharinka, feminine former av Zechariah som har hebraisk opphav og tyder «Gud hugsar».

Bruk Namnet blei kjend i England gjennom Zara Phillips (fødd 1981), dottera til prinsesse Anne. Zara har vore mest brukt i Sverige frå 1980-talet.

Kjende namneberarar Zara Cully (1892–1978), amerikansk skodespelar Zara Levina (1906–1976), sovjetrussisk komponist, pianist og forfattar Zarah Leander (1907–1981), svensk skodespelar og songar Zara Turner (fødd 1968), britisk skodespelar Zara (1976), tyrkisk folkesongar og skodespelar Zara Phillips (fødd 1981), britisk ryttea Zara Pfeifer (fødd 1984), tysk fotograf Zara (1983), russisk popsongar og skodespelar Zara Noor Abbas (eller Zara Noor Siddiqui, f. 1990), pakistansk skodespelar Zara Larsson (fødd 1997), svensk songar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zara (name)» frå , og «Zara (navn)» frå den 19. juni 2019.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav