Julio Rey de Paz () er ein spansk tidlegare langdistaneløpar frå Toledo. Han vann VM-sølv i maraton i 2003 og EM-bronse på same distansen både i 2002 og 2006.
Aktiv Rey kom på åttandeplassen 10 000 meter under verdsmeisterskapen i friidrett 1997 i Aten. Året etter sette han personleg rekord på distansen med 27.47,3, og på 5000 meter med 13.22,1.
Etter å ha vore stengd ute frå tevling i to år deltok Rey i Hamburg maraton 2001, der han overraska og vann løpet på den sterke tida 2.07.46. Seinare kom han tilbake til Hambur og sigra i det årlege maratonløpet både i 2003, 2005 og 2006. Sigeren i 2006 kom etter 2.06.52, hans livs fortaste maratonløp og spansk rekordtid.
Rey vann bronsemedaljen i maraton ved europameisterskapen 2002 i München, berre tre sekundar bakom sølvmedaljøren Pavel Loskutov frå Estland, men over minuttet etter europameisteren Janne Holmen frå Finland. Enno betre gjekk det for Rey under verdsmeisterskapen 2003 i Paris. Gjennom gatene i den franske hovudstaden heldt han fylgje med vinnaren, marokkanaren Jaouad Gharib, heilt inn mot stadion, i mål skilde det sju sekundar mellom dei to maratonløparane. I 2006 kopierte Rey plasseringa frå den forrige europameisterskapen og tok maraton-bronsen i Göteborg.
Doping Rey vart ved Rotterdam maraton 1999 hekta for bruk av dopingmiddelet mesterolon og stengd ute frå idretten i 2 år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Nr 8 på 10000 m – 28.07,0 VM 2001 i Edmonton: Nr 37 i maraton – 2.27.59 EM 2002 i München: Bronsemedalje i maraton – 2.13.21 VM 2003 i Paris: Sølvmedalje i maraton – 2.08.38, bakom Jaouad Gharib (2.08.31) OL 2004 i Aten: Nr 58 i maraton – 2.24.54 VM 2005 i Helsinki: Nr 8 i maraton – 2.12.51 EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje i maraton – 2.12.37 VM 2007 i Osaka: Braut maratonløpet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Julio Rey» frå , den 20. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Spanske langdistanseløparar