Idrettsforeningen Fløya er eit idrettslag heimehøyrande i byen Tromsø. Laget vart stifta 22. juni 1922 og er særleg aktivt i fotball, med bogeskyting som den andre idrettsgreina til IF Fløya. Fløya spelar i grøne drakter med kvite bukser.

IF Fløya har særleg utmerkt seg i kvinnefotball. Frå 1990 til i dag har laget spelt fleire bolkar i den norske toppserien. Både i 2003 og 2005 kom Fløya på bronseplassen i toppserien. I 2006-sesongen tok laget seg til semifinalen i NM-cupen. Nina Nymark Andersen og Christine Bøe Jensen er dei mest kjende Fløya-spelarane.

Fløya sitt lag for menn vann Nord-Noregsmeisterskapen i 1936. Sidan det allnorske seriesystemet kom på plass i 1971 har Fløya-laget jamnast deltek på nivå 4 og 5.

Kvinnelaget i fotball Laget spelar i 1. divisjon fotball (2020). Spelarstallen Endra 26. august 2020.Fløya Kvinner Senior A . NFF.no 5 Regina Solhaug Fiabema 22 Marie Aspenes, målvakt 60 Andrea Klæbo Wie, målvakt 4 Thea Karin Lovisa Selander, forsvar 6 Veronika Sæthre 7 Christine Bergvoll 14 Adele Torvik 9 Vilde Bratland, midtbane 15 Martine Fredrikke Hansen 19 Sandra Rebecca Nikolaisen Simonsen 21 Amalie Isabell Taraldsen 24 Emma Granlind 26 Sofia Margrethe Sørensen Mikaelsson 28 Emily Kvaal-Tanguay 31 Eline Sofie Hestsveen 35 Sara Dønland 10 Kamille Hofsøy Steffensen, angrep 11 Henriette Michelle Blomstereng 20 Marthe Hansen

Herrelaget i fotball Laget spelar i 2. divisjon (2020).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «IF Fløya» frå , den 26. juni 2019. Offisiell nettstad

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Idrettslag i Tromsø