Karl X ()Karl X fra Nordisk Familjebok var konge av Frankrike og Navarra frå 1824 til han abdiserte som følgje av julirevolusjonen i 1830.

Karl var den yngste sonen til den franske kronprinsen Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen. Han var bror av både den avretta Ludvig XVI og Ludvig XVIII, som var den første kongen etter restaurasjonen.

Karl X var først kjend som greven av Artois (fransk comte d'Artois) fram til han blei konge av Frankrike i 1824.Mary Platt Parmele (1894). A Short History of France. New York: Charles Scribner's Sons, s. 221. Han blei gift i 1773 med Marie-Thérèse av Savoie (1756–1805), dotter av kong Viktor Amadeus III av Sardinia. I 1789, i samband med den franske revolusjonen, rømde han frå landet og kom først attende då Napoleon I fall i 1814. Han levde fråskild frå kona si, som døydde i 1805. Karl hadde opphald i Savoie, Torino, Trier og Koblenz før han ved utbrotet av Dei franske revolusjonskrigane i 1792 slo seg ned i Storbritannia, der han budde i London og Edinburgh med elskarinna Louise de Polastron.

Karl X overtok trona etter broren Ludvig XVIII i 1824. Han blei krona 28. mai 1825. Karl X viste seg å vera ein regent som ønska å vinna tilbake stordommen og den eineveldige makta frå fortida, og dette gjorde han lite populær. Ministeren hans Jules de Polignac vekte også negative reaksjonar. Til sist braut Julirevolusjonen ut, og han blei tvinga til å abdisera.

Sonen hans, Louis-Antoine, måtte også skriva under på abdikasjonen. Ein eldre son, Karl Ferdinand, hertug av Berry, blei drepen i 1820. Karl Ferdinand fekk likevel ein son, Henri, hertug av Bordeaux, fødd etter at han døydde. Denne sonen kunne dermed gjera krav på den franske trona. Henri blei likevel ikkje innsett som konge etter Karl X. Makta gjekk i staden over til den fjernare slektningen Ludvig Filip.

Barn Louis-Antoine av Artois, hertug av Angoulême (1775-1844) Sophie av Artois (1776-1783) Karl Ferdinand av Artois, hertug av Berry (1778-1820) Marie Therese av Artois (1783)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karl X av Frankrike» frå , og «Karl X av Frankrike» frå den 3. juli 2019.

Kategori:Franske monarkar Kategori:Huset Bourbon Kategori:Folk frå Versailles Kategori:Hosebandsordenen Kategori:Monarkar som abdiserte Kategori:Hertugar av Mercœur