Natallja Sazanovitsj () er ein kviterussisk tidlegare mangekjempar som vann to sølv- og fire bronsemedaljar i internasjonale meisterskap-tevlingar i sjukamp i tida 1996-2003. Medaljane fordelte seg på sølv og bronse i sommar-OL, like eins i verdsmeisterskap og to EM-bronsar.

Aktiv Sazanovitsj deltok i 1996 i dei olympiske sommarleikane i Atlanta og enda med 6 563 poeng, hennar livs beste sjukampserie, opp som toar i sjukamptevlinga etter den suveren vinnaren, Ghada Shouaa frå Syria. Etter femteplass i VM 1997 tok Sazanovitsj bronsen ved EM 1998 i Budapest. Ein ny bronsemedalje sikra ho seg i Sommar-OL 2000 i Sydney.

I mars 2001 vart Sazanovitsj innandørs verdsmeister då ho i Lisboa vann femkampen med 4 580 poeng og ny meisterskapsrekord. Seint på sommaren same året vart ho nummer to i sjukampen ved Friidretts-VM i Edmonton, klart slått av russiske Jelena Prokhorova. Året etter kom Sazanovitsj på tredjeplass ved europameisterskapen 2002 i München. År 2003 vart ho sølvmedaljør i femkamp ved innandørs-EM i Birmingham og bronsevinnar i sjukamp under verdsmeisterskapen i Paris, Carolina Klüft frå Sverige vann begge desse tevlingane.

I sitt siste meisterskap, sommarleikane 2004 i Aten, braut Sazanovitsj av tevlinga etter to greiner.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 6 563 poeng, bakom Ghada Shouaa (6 780 p) VM 1997 i Aten: Nr 5 – 6 428 poeng EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 6 410 poeng OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 6 527 poeng VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 6 539 poeng, bakom Jelena Prokhorova (6 694 p) EM 2002 i München: Bronsemedalje – 6 341 poeng VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 6 524 poeng OL 2004 i Aten: Braut

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Natallja Sazanovitj» frå , den 6. juli 2019.

World Athletics

Kategori:Belarusiske mangekjemparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Belarus Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Belarus Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004