Charlotta Emma Katarina Fougberg () er ein svensk mellom- og langdistanseløpar frå Lerum i Västra Götaland. Ho vann sølvmedaljen i 3 000 meter hinder under europameisterskapen 2014.

Karriere Fougberg forbetra den svenske rekorden i 3 000 meter hinder med borti 10 sekundar til 9.23,9 då ho vart nummer fire i eit DL-stemne i Glasgow 12.juli 2014. Tida var europeisk årsbeste på distansen, dermed måtte ho reknast med mellom dei største favorittane ved EM i Zürich ein månad seinare. I EM-finalen sprang ho inn til sølv på tida 9.30,1, sju tidels sekund bakom Antje Möldner-Schmidt.

Fougberg deltok i Friidrett-VM 2013, 2015 og 2017 utan å kvalifisere seg til finale. Ei heller under Sommar-OL 2016 makta ho å nå finalen i hinderløpet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charlotta Fougberg» frå , den 7. juli 2019.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Svenske friidrettsutøvarar Kategori:Svenske langdistanseløparar Kategori:Svenske hekkeløparar