Henrik Olsen (fødd 19. oktober 1970) er ein norsk samisk politikar og kulturarbeidar frå Olderdalen i Kåfjord som sit i sametinget for Norske Samers Riksforbund.

Han vart fyrste gong vald inn på Sametinget frå Gáisi valkrins i 2013, og sat i sametingsrådet frå 2013 til 2016, og på nytt frå 2017 til 2021. Sidan 2009 har han vore dagleg leiar ved Senter for nordlege folk, men har hatt permisjon medan han har sete i sametingsrådet.Senter for nordlege folk. Årsmelding 2017Arkivert biografi om Henrik Olsen på sametinget.no. Lese 9.7.2019.

I 1991 var han med på å stifte Riddu Riđđu og har jobba som produsent der i mange år. Frå 1999 til 2007 var han kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Kåfjord.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Henrik Olsen på sametinget.no.

Kategori:Folk frå Kåfjord Kategori:SV-politikarar i Troms Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:NSR-politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025