right|mini|Det samiske kultursenteret Sajos Det samiske kultursenter Sajos er eit kultursenter og administrativt senter i Enare, som også fungerer som kongress- og arrangementslokale. Sajos sto ferdig i januar 2012 og vart offisielt opna i april 2012.Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1
Sajos inneheld administrasjon og møtelokale for det finske sametinget, Det samiske områdets utdanningssenter SOGSAKK, det samiske biblioteket og det samiske arkivet, Lapin aluehallintovirasto og fleire foreiningar.Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1
Byggherre var Senaattikiinteistöt og bygget kosta 15 millionar euro. Bygget vart teikna av arktitektkontoret HALO Arkkitehdit Oy i Uleåborg. Prosjektleiar var Janne Laukka, andre pranleggarar var Tuomas Niemelä og Milla Parkkali. Prosjektleiar for byggeprosessen var Juha Guttorm.Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1
Bygninga er på utsida mørk og på innsida lys furu. Utforminga er inspirert av samiske tradisjonar, noko konkurransevilkåra også ba om. Ordet sajos er enaresamisk og tyder støttepunkt.Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1
Prosjektet har ei lang historie. Det dåverande samiske utvalet var allereie på 1970-talet på jakt etter eit eige lokale. Saka var også oppe i 1996, då det finske sametinget vart grunnlagt. Planprosessen skaut fart i 2000 og prosjektet kom på statsbudsjettet i 2007.Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1
Kjelder
Kategori:Samisk kultur Kategori:Det finske sametinget Kategori:Enare Kategori:Skipingar i 2012