New Super Mario Bros. U er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i november 2012 i Nord-Amerika og Europa, og i desember 2012 i Japan. Det er det fjerde spelet i New Super Mario Bros.-serien. Ein ekstra kampanje kom ut som nedlastbart innhald i 2013, kjent som New Super Luigi U. Denne kampanjen kunne også kjøpast som eit separat spel.
Spelet vart utgjeve til Nintendo Switch 11. januar 2019 under tittelen New Super Mario Bros. U Deluxe. Denne utgåva inkluderer både originalspelet og New Super Luigi U, i tillegg til ein ny spelefigur, Toadette.
Kjelder
Kategori:Dataspel frå 2012 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:Wii U-spel