The Wonderful 101 er eit action-eventyrspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Nintendo til Wii U. Det vart utvikla i regi av Hideki Kamiya og produsert av Atsushi Inaba, som begge har vore involverte i utviklinga av spela Viewtiful Joe og Ōkami. The Wonderful 101 vart utgjeve i august 2013 i Europa og Japan, og i Nord-Amerika månaden etter.

I The Wonderful 101 styrer spelaren ein horde av superheltar sett frå eit fugleperspektiv. Heltane kan gjere seg om til ulike ting kalla «Unite Morphs», og spelaren kan bruke desse til å nedkjempe fiendar, løyse gåter eller traversere miljøa i spelet.

Ein Kickstarter-kampanje vart starta i februar 2020 for å finansiere utgåver av spelet til Nintendo Switch, Microsoft Windows og PlayStation 4, med planlagd utgjeving i april 2020.

Kjelder

Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 2013 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel