Marcus Cælius Rufus (82-48 f.Kr.) var ein romersk politikar og elev av Cicero. Cælius levde eit liv i luksus og hadde ein affære med Clodia, som seinare skulda Cælius for å freiste å myrde henne med gift. Trass i Cælius sin livsstil og vennskapet med Ciceros politiske fiende Catilina, valde Cicero å forsvare han i ein tale som er teken vare på for ettertida. Då Cicero seinare var guvernør i Kilikia (51-50 f.Kr.) heldt Cælius han oppdatert om dei politiske hendingane i Roma. Desse breva er tekne vare på i Ciceros brevsamling Ad Familiares.

Som politikar tente Cælius som tribun i 52 og edil i 50. Då den store romerske borgarkrigen braut ut støtta Cælius Julius Cæsar, og vart utnmend til pretor i 48. I den tida då Cæsar var borte frå Roma skapte Cælius så mykje uro i byen at han laut flykte derifrå. Han slutta seg så til ei samansverjing mot Cæsar saman med Titus Annius Milo, og vart drepen kort tid etter.

Kjelder Cælius Rufus, Marcus (1916). I Salmonsens konversationsleksikon. IV: Bridge—Cikader (s. 391-392). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel.

Kategori:Einskildmenn Kategori:Romerske politikarar