mini|Fleire eincella algar frå ordenen Volvocales. Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle. Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar. Andre kan ein sjå med det nakne auget.Max Planck Society Research News Release Accessed 21 May 2009
Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange organellar, som mitokondrium eller flimmerhår,liv – systematisk inndeling (10.05.2013) i Store norske leksikon. medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg. Nokre lagar skal av kiselsyre, kitin eller kalk. Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skalamøbar, foraminiferar og soldyr.skjelett (04.06.2013) i Store norske leksikon.
Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.
Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista). Dette har ein seinare gått bort frå.protister (10.05.2013) i Store norske leksikon.
Nokre døme på eincella organismar er:
Xenophyophorea, ei gruppe kjempemessige eincella organismar innan rekkja Foraminifera. Syringammina fragilissima kan nå ein diameter på opptil 20 cm.Researchers Identify Mysterious Life Forms in the Extreme Deep Sea. Accessed 2011-10-24. Nummulitidae Valonia ventricosa, ein alge i klassen Chlorophyceae, kan nå ein diameter på 1-4 cm. Acetabularia, alge. Caulerpa, algehttp://www.wisegeek.com/what-is-the-largest-biological-cell.htm Gromia sphaerica, amøbe Thiomargarita namibiensis, den største kjende bakterien, kan få ein diameter på opptil 0,75 mm. Epulopiscium fishelsoni, bakterie
Kjelder
Kategori:Mikroorganismar