When the Eagle Flies er det sjuande studioalbumet til det engelske rockbandet Traffic, gjeve ut i 1974. Det vart det siste albumet deira før dei vart sameint att i 1994 for Far from Home. Av musikarar på albumet var Jim Capaldi på trommer, klaverinstrument og vokal; Rosko Gee på bassgitar; Steve Winwood på gitar, klaverinstrument og vokal; og Chris Wood på fløyte og saksofon. Perkusjonisten Rebop Kwaku Baah fekk sparken før albumet var ferdig, men han er med på to spor. Det vart nytta fleire forskjellige klaverinstrument enn på tidlegare Traffic-album, mellom anna Moog.
When the Eagle Flies var det fjerde studioalbumet deira på rad som nådde topp 10 på den amerikanske albumlistaTraffic in the USA Charts, Allmusic. Henta 20. juli 2019. og selde til gullplate der. Det vart langt mindre populært i Storbritannia der det nådde 31. plassen, men droppa ut av lista etter ei veke.Traffic in the UK Charts , The Official Charts. Henta 20. juli 2019. Traffic turnerte etter albumet kom ut, men vart oppløyst midt i turneen i 1974.
Chris Wood-komposisjonen «Moonchild Vulcan» vart spelt inn for albumet, men kom til slutt ikkje med til fordel for «Memories of a Rock N' Rolla».Ropek, Dan (2008). In Vulcan (pp.4-10) [CD booklet]. Cherry Red Records Ltd. Songen vart spelt på den påfølgjande turneen og eit konsertopptak av Traffic kom seinare ut på det posthume Chris Wood-albumet Vulcan i 2008.
Mottaking
Rolling Stone kalla albumet ujamt og sa at den nakne tonen fungerte glimrande på «Graveyard People» og «Walking in the Wind», men andre stader vart det ofte «blodfattig på grunn av anten dårlege arrangement eller utilstrekkeleg produksjon.» Men dei rekna dei strammare og meir konsise songane som ei lovande retning for bandet og tilrådde albumet basert på den fornya styrken i låtskrivinga til Winwood og Capaldi og Winwood sitt arbeid på klaverinstrumenta.Emerson, Ken. (7. november 1974). Album review, Rolling Stone. Allmusic meinte det motsette: at albumet meir enn tidlegare tillet lange og buktande stykke, der sjølv ikkje vokalen gjorde noko særleg meir enn å «improvisere melodiane over musikken, utan å bry seg om kvar orda tydde».
Innhald
Medverkande Steve Winwood – gitar, vokal, klaverinstrument Chris Wood – fløyte, saksofon Jim Capaldi – trommer, perkusjon, korvokal (5), klaverinstrument Rosko Gee – bass Rebop Kwaku Baah (ikkje oppført) – perkusjon (3, 7) Teknisk: Chris Blackwell – produsent Nobby Clark – lydteknikar Brian Humphries – lydteknikar Jeff Willens – mastering Bill DeYoung – tekst i omslaget Martin Hughes – design Bill Levenson – oversyn med nyutgjeving Monique McGuffin – produksjonskoordinator for nyutgjeving Vartan – kunstnarisk leiar for nyutgjeving
Salslister ÅrListePlassering 1974UK Albums Chart31Billboard Pop Albums9
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «When the Eagle Flies» frå , den 21. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Traffic-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Chris Blackwell Kategori:Island Records-album