Flavius Julius Crispus, også kjend som Flavius Claudius Crispus og Flavius Valerius Crispus, (fødd ca. 305, død 326) var ein romersk cæsar og eldste son av Konstantin den store og Minervina.Potter, David. (2008) Emperors of Rome: Imperial Rome from Julius Caesar to the last emperor. London: Quercus, s. 187.
Crispus fekk ei rekkje viktige oppdrag av faren, og hadde mellom anna ei framtredande rolle i Konstantin sin krig mot Licinius. I 317 blei han utnemnd til cæsar. Han gifta seg med ei kvinne som heitte Helena, og fekk eit barn i oktober 322.
I 326 fekk livet til Crispus ein brå ende. Han blei avretta på ordre frå far sin og minnet hans utsletta gjennom ein damnatio memoriae. Same året blei også den andre kona til Konstantin, Fausta, drepen og minnet om henne utsletta. Det er naturleg å setja desse hendingane i samanheng, og fleire historikarar har konkludert med at dei truleg hadde eit ulovleg forhold. På grunn av ordren om å utsletta minnet deira finst det ikkje sikre kjelder frå samtida.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crispus» frå , den 23. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Svensk uppslagsbok. Malmö 1931.
Kategori:Romarar Kategori:Fødde på 300-talet Kategori:Damnatio memoriae Kategori:Det konstantinske dynastiet