Anastasia Kelesidou () er ein gresk tidlegare diskoskastar, fødd i Hamburg i dåverande Vest-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i diskosøvinga ved VM 1999 og 2003, Sommar-OL 2000 og 2004, samt bronsen ved VM 2001 og EM 2002.
Aktiv Kelesidou tok steget inn i verdstoppen i diskoskasting då ho i Bari vann Mellomhavsleikane 1997 med eit kast på framifrå 66,18 meter. Frå 1999 til 2004 tok ho medalje i alle dei seks internasjonale meisterskapane; VM 1999, OL 2000, VM 2001, EM 2002, VM 2003, OL 2004. Gjennom dei seks diskostevlingane sanka ho fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Etter tur måtte ho nøye seg med verte nummer to og klart overgått av tyske Franka Dietzsch i 1999 og kviterussiske Ellina Zvereva i 2000. Derimot var ho nær ved å vinne gullmedaljen i særleg VM 2003, men òg i OL 2004 truga ho vinnaren. To ulike utøvarar frå Kviterussland kneip då kvar si gullmedalje, Iryna Jatsjanka i 2003 og Natalja Sadova i 2004.
Kelesidou forbetra den greske rekorden i diskoskasting sju gongar, sist til 67,70 meter i Rethymno den 28. mai 1999.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (54,08 m=nr 22) VM 1995 i Göteborg: Nr 11 – 58,96 m OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (59,60 m=nr 18) VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (59,22 m=nr 15) EM 1998 i Budapest: Nr 7 – 62,95 m VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 66,05 m, bakom Franka Dietzsch (68,14 m) OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 65,71 m, bakom Ellina Zvereva (68,40 m) VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 65,50 m EM 2002 i München: Bronsemedalje – 65,50 m VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 67,14 m, bakom Iryna Jatsjanka (67,32 m) OL 2004 i Aten: Sølvmedalje – 66,68 m, bakom Natalja Sadova (67,02 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anastasia Kelesidou» frå , den 26. juli 2019.
Kategori:Greske diskoskastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Hellas Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004