Korsholm (finsk Mustasaari) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har 17 368 innbyggjarar og eit areal på 846,7 km².

Korsholm er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (71 %) og finsk som minoritetsspråk. Korsholm grensar til kommunane Vasa, Malax, Laihela og Vörå.

I Korsholm ligg Finlands lengste hengebru. Replotbron har ei lengd på 1 045 m og forbind øya Replot med fastlandet.

Musikfestspelen Korsholm er ein årleg kammermusikkfestival som vert halden i Korsholm og Vasa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Korsholm» frå , den 26. juli 2019.

Kategori:Kommunar i Österbotten