Joan Didion () var ein amerikansk forfattar og journalist. Ho blei rekna for å vere ein av dei største samtidsforfattarane i USA, og er blitt omtalt som førstedame i amerikansk journalistikk. Ho skreiv fleire romanar, filmmanus og sjølvbiografiske verk, og var kjend for evna si til å gjere det personlege universelt.

Mest kjend er ho vorten som ein av representantane for den såkalla New Journalism-sjangeren som blei danna på 1960–1970-talet, der ein tok i bruk skjønnlitterære verkemiddel i sakprosa. Det var ein metode som fleire andre forfattarar nytta seg av, blant andre Truman Capote, Norman Mailer, Hunter S. Thompson og Tom Wolfe. Sistnemnde gav i 1973 ut antologien The New Journalism, der Didion sin tekst Some Dreamers of the Golden Dream – først publisert i The Saturday Evening Post i 1966, seinare i boka Slouching Towards Betlehem – er blant døma på det Wolfe altså kalla New Journalism.

I 2017 blei Didion portrettert i Netflix-dokumentaren The Center Will Not Hold, regissert av nevøen Griffin Dunne.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

Run, River (1963) Play It as It Lays (1970) A Book of Common Prayer (1977) Democracy (1984) The Last Thing He Wanted (1996)

Sakprosa

Slouching Towards Bethlehem (1968) The White Album (1979) Salvador (1983) Miami (1987) After Henry (1992) Political Fictions (2001) Where I Was From (2003) Fixed Ideas: America Since 9.11 (2003; forord av Frank Rich) Vintage Didion (2004; utvalgte utdrag av tidlegare arbeid) The Year of Magical Thinking (2005). Norsk omsetting av Halvor Kristiansen De magiske tankers år (2007) We Tell Ourselves Stories in Order to Live: Collected Nonfiction (2006) Blue Nights (2011) South and West: From a Notebook (2017)

Filmmanus

The Panic in Needle Park (1971) Play It as It Lays (1972) (basert på romanen hennar) A Star Is Born (1976) True Confessions (1981) Up Close & Personal (1996) As it Happens (2012) (med Todd Field)

Skodespel

The Year of Magical Thinking (2007) (basert på boka med same tittel)

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:Folk frå Sacramento