Reyes Estévez López () er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Cornellà de Llobregat. Han vart europameister på 1500 meter i 1998 og vann bronsemedaljane på same distansen i verdsmeisterskapane 1997 og 1999, og sølvmedaljen ved EM 2002.

Aktiv Estévez kneip bronseplassen på 1500 meter under VM 1997 i Aten, einast favoritten Hicham El Guerrouj frå Marokko og hans eigen landsmann Fermín Cacho sprang fortare. Året etter sprang Estévez sjølv inn til siger på spesialdistansen i europameisterskapen i Budapest, framom portugisaren Rui Silva. Bronsen gjekk til Cacho, den forrige europameister frå 1994.

I 1999 gjorde Estévez unna sitt livs fortaste 1500 m då han med tida 3.30,5 vann ein ny bronsemedalje under VM i Sevilla, bak El Guerrouj og kenyanaren Noah Ngeny. Våren 2001 vart Estévez andremann etter Rui Silva i innandørs-VM i Lisboa, eit lite halvår seinare enda Estévez på femteplassen i VM 2001 i Edmonton. Under europameisterskapen 2002 i München kryssa Estévez og franskmannen Mehdi Baala målstreken på nøyaktig lik tid, 3.45,25, Baala vart tilkjend gull- og Estévez sølvmedaljen. venstre|mini|Reyes Estévez Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane (3.39,4=nr 20) VM 1997 i Aten: Bronsemedalje – 3.37,2 EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 3.41,3, framom Rui Silva (3.41,8) VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 3.30,5 VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 3.32,4 EM 2002 i München: Sølvmedalje – 3.45,25, bak Mehdi Baala (3.45,25) VM 2003 i Paris: Nr 6 – 3.33,8 OL 2004 i Aten: Nr 7 – 3.36,6 VM 2005 i Helsinki: Nr 11 – 3.46,6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Reyes Estévez» frå , den 3. august 2019.

Denne artikkelen bygger på «Reyes Estévez» frå , den 3. august 2019.

World Athletics

Kategori:Spanske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1997 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010