The Thoughts of Emerlist Davjack er debutalbumet til det engelske rockebandet The Nice, gjev ut i 1968. Det vert ofte rekna som eit av dei første albuma innan progressiv rock.

Namnet Emerlist Davjack er eit pseudonym skapt ved å kombinere etternamna til dei fire medlemmane i gruppa: Keith Emerson, David O'List, Brian Davison og Lee Jackson.

Albumet vart marknadsført med ein sampler med kommentarar av John Peel, som sa følgjande: «1967 var eit rart år for popmusikken med grupper som eksperimenterte med nye lydar og hoppa av og på vogna i svimlande fart. Dei kalla seg sjølv latterlegee namn og angra på det eter kort tid. The Nice kom saman i eit tomrom og vil vere her når dei andre er i pantomime i Wolverhampton.»

Plateomslaget vart fotografert av Gered Mankowitz, og syner bandmedlemmane utan skjorter, men innpakka i cellofan.

Bakgrunn På den originale plata vart alle komposisjonane tilskrivne «Emerlist Davjack»; medan spesifikke låtskrivarar seinare var oppførte på seinare utgåver.

På Windsor Jazz & Blues Festival i 1967 sa songaren Jackson at songen «Flower King of Flies» handla om Beatles-medlemmen Paul McCartney. «The Thoughts of Emerlist Davjack» vart nytta som bakgrunnsmusikk for barne-TV-serien «The Tyrant King», regissert av Mike Hodges og skriven av Trevor Preston for Thames Television, frå London Transport-boka til Aylmer Hall. Serien var i seks delar og inneheldt òg musikk av The Rolling Stones, The Moody Blues og Pink Floyd.

«Rondo» inneheld eit kort utdrag frå Johann Sebastian Bach sitt Toccata & fuge i d-moll, i tillegg til eit lengre utdrag frå Dave Brubeck Quartet sin «Blue Rondo à la Turk». «The Cry of Eugene», som seinare vart spelt inn på ny av gruppa til Jackson, Jackson Heights, refererer til «Harlequin & Columbine».

Albumet vart av magasinet Classic Rock plassert på lista over «50 album som bygde progrocken».Classic Rock magazine, 2010. juli Issue 146.

Innhald

Medverkande The Nice Keith Emerson - orgel, piano, cembalo, vokal Lee Jackson - bass, gitar, vokal, pauker David O'List - gitar, trompet, fløyte, vokal (solovokal på «Flower King of Flies») Brian Davison - trommer, røyrbjøller, pauker med: Billy Nicholls - ikkje oppført harmonivokal på «Thoughts of Emerlist Davjack» Teknisk Derek Burton og Gered Mankowitz - plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Thoughts of Emerlist Davjack» frå , den 3. august 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:The Nice-album Kategori:Immediate Records-album