«I See the Rain» er ein song frå 1967 av The Marmalade, skriven av sologitaristen William Junior Campbell og vokalisten Dean Ford.

Dette var den tredje singelen deira for CBS Records etter at dei i 1966 endra namn frå Dean Ford and the Gaylords og byta selskap frå Columbia (EMI) til CBS. Singelen kom ut eitt år før den første suksessen deira i Storrbritannia, «Lovin' Things». Den sjølvskrivne innspelinga vart hylla av Jimi Hendrix som «den beste innspelinga i 1967»

Singelen gjekk til topps i Nederland det same året. Graham Nash frå The Hollies bidrog til innspelinga, men singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Songen, som har ein typisk psykedelisk stil frå midten av 1960-åra, har sidan blitt ein kultklassikar og har blitt covra av artistar som Susanna Hoffs frå The Bangles og Matthew Sweet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I See the Rain» frå , den 4. august 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Marmalade-songar Kategori:Songar skrivne av Junior Campbell