Wilhelmus Maria Jonk betre kjent som Wim Jonk () er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Volendam. Han spelte 49 landskampar for Nederland og skåra elleve gonger. Han spelte for klubbar som Ajax, Sheffield Wednesday, PSV og Volendam. Med Ajax vann han cupvinnarcupen i 1987, seriemeisterskapen i 1990 og cupmeisterskapen i 1993. Med PSV vann han seriemeisterskapen i 1997 og cupmeisterskapen i 1996. Med Nederland spelte han i EM i 1992, VM i 1994 og i VM i 1998.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Volendam-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar