Kathrin Neimke () er ein tysk tidlegare kulestøytar frå Magdeburg som vann sølvmedaljen i øvinga under VM 1987 og Sommar-OL 1988, og bronsemedaljen i EM 1990, OL 1992 og VM 1993. Ho representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.

Aktiv Neimke slo gjennom i 1987-sesongen. I VM-finalen i Roma støytte ho kula 21,21 meter, eit støyt som skulle vise seg å verte hennar liv lengste. Einast verdsrekordhaldaren Natalja Lisovskaja frå Sovjetunionen makta overgå henne, med 21,24 m og fattige 3 centimeter. Året etter kneip Neimke sølvmedaljen også i Sommar-OL 1988 i Seoul, med 21,07 m tukta ho Li Meisu frå Kina med ein centimeter, gullvinnar Lisovskaja var då i ei heilt eiga klasse.

I dei neste meisterskapane sanka Neimke bronsemedaljar. Den fyrste bronsen kom i EM 1990 med 19,96 m som best, deretter tok ho OL-bronse i 1992 med 19,78 m og til sist VM-bronse i 1993 med 19,71 m på resultatlista. Midt i mars 1995 steig ho til topps i hall-VM i Barcelona etter å ha støytt kula 19,40 m. Fem månader seinare kom Neimke med 19,30 m på fjerdeplassen i verdsmeisterskapen i Göteborg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 21,21 m, bakom Natalja Lisovskaja (21,24 m) OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 21,07 m, bakom Natalja Lisovskaja (22,24 m) EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 19,96 m VM 1991 i Tokyo: Nr 8 – 18,83 m OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 19,78 m VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 19,71 m EM 1994 i Helsinki: Nr 6 – 18,94 m VM 1995 i Göteborg: Nr 4 – 19,30 m OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 18,92 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kathrin Neimke» frå , den 13. august 2019.

Denne artikkelen bygger på «Kathrin Neimke» frå , den 13. august 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996