Hans Rustad () er ein norsk journalist, forleggjar og føredragshaldar. Han er kjent som grunnleggjar og redaktør for den konservative nettavisa Document.no.

Rustad har tidlegare arbeidd som redaksjonsassistent i Verdens Gang og som journalist i Morgenbladet og Norsk Telegrambyrå. Som ung var han aktiv i Sosialistisk Ungdomsforbund. I 1985 leverte han hovudfagsoppgåva i historie ved Universitetet i Oslo om utføringa av og responsen på Holocaust. I 1990 starta Rustad opp sitt eige forlag, Document forlag, og driv framleis som forleggjar. Forlaget har utgjeve fleire bøker innan politisk filosofi.

Document.no, som Rustad i dag er redaktør for, har vakse mykje i lesartal dei seinare åra. I 2019 opplyste nettstaden å ha over 400 000 ulike besøksadresser. I 2018 vart Rustad medlem i Norsk Redaktørforening.

Kjelder

Kategori:Folk frå Eidsvoll Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar