Tiffany Porter (), fødd Tiffany Ofili, er ein USA-britisk friidrettsutøvar fødd i Ypsilanti delstaten Michigan i USA. Ho representerte Storbritannia då ho i 2014 vann 100 meter hekk under Friidretts-VM i Zürich. Karriere Aktiv Tiffany Ofili nådde ikkje opp mellom dei kvinnelege hekkeløparane i USA, og byrja frå 2011 å tevle for Storbritannia, fødelandet til mor hennar. Allereie same året vart ho nummer fire i VM-finalen på 100 meter hekk, sidan sprang ho som Tiffany Porter under VM 2013 i mål til bronsemedalje på personbeste 12,55 sekundar.
Midt i august 2014 tok Porter gullmedaljen ved europameisterskapen i Zürich med tre hundredels sekunds margin til nummer to. Ein månad seinare flytta ho den personlege rekorden til 12,51 sekundar i eit stemne i Marrakech. I EM 2016 vart Porter nummer tre på korthekken.
Porter er eldre syster til Cindy Ofili. Under Sommar-OL 2016 tok begge systrene seg til finalen på 100 meter hekk. Veslesystera var då best med ein fjerdeplass, Porter vart nummer sju.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 12,63 OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (12,79=nr 10) VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 12,55 EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 12,66, framom Cindy Billaud (12,69) VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 12,68 EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 12,76 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 12,76 VM 2017 i London: Utslått i forsøket (13,18=nr 29) OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane (12,86=nr 18)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tiffany Porter» frå , den 16. august 2019.
World Athletics
Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020