Marija Vasiljevna Golubnitsjaja () var ein friidrettsutøvar frå landsbyen Dubovka i Sjpakovskij-distriktet i Stavropol kraj som representerte Sovjetunionen. Ho vart europameister i 80 meter hekk i 1954 i Bern og vann OL-sølv i øvinga i 1952.
Aktiv Golubnitsjaja var aktiv i turnsport før ho bytta til friidrett. Her utmerkte ho seg i femkamp. Frå 1950 førebudde Sovjetunionen seg til å delta i olympiske leikar for fyrste gong. Under ein før-olympisk treningsleir vart det klart at Golubnitsjaja var den beste kvinnelege hekkeløparen i riket. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki tok ho sølvmedaljen i 80 meter hekk, to tidels sekund attom Shirley Strickland frå Australia som sette ny verdsrekord med 10,9 sekundar. I 1954 sprang Golubnitsjaja inn til gullmedalje i hekke-øvinga ved EM i Bern på tida 11,0. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne hekta ho i finalen i ein hekk og enda opp på femteplassen.
Golubnitsjaja døydde i Moskva, der ho hadde budd sidan 1940-åra.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsinki: Sølvmedalje – 11,1, bakom Shirley Strickland (10,9) EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 11,0, framom Anneliese Seonbuchner (11,2) OL 1956 i Melbourne: Nr 5 – 11,3
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marija Wassiljewna Golubnitschaja» frå , den 19. august 2019.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956