Yvonne Carole Grace Murray () er ein britisk-skotsk tidlegare langdistanseløpar frå Musselburgh som vart europameister på 3 000 meter i 1990, og elles vann bronsen på distansen i EM 1986 og Sommar-OL 1988, samt sølvmedaljen ved EM 1994.

Aktiv Murray kom i 1986 på tredjeplass på 3 000 meter ved samveldeleikane i Edinburgh, seinare på sommaren tok ho same pallplassen på distansen under europameisterskapen i Stuttgart. Vinteren 1987 sigra ho på spesialdistansen i hall-EM i franske Liévin. Under dei olympiske sommarleikane 1988 sprang Murray sitt livs beste 3 000 meter, ho sette personleg rekord med 8.29,0 og vann endå ei bronsemedalje.

I januar 1990 vart ho nummer to på 3 000 m ved samveldeleikane i Auckland. Eit høgdepunkt i hennar idrettsliv kom då ho i Split lukkast vinne gullmedaljen på 3 000-meteren. Midt i mars 1993 vann Murray 3 000 m ved hall-VM i Toronto. Året etter tok ho sølv på distansen ved EM i Helsinki, klart slått av Sonia O’Sullivan frå Irland. Mindre enn to veker etter europameisterskapen vann Murray 10 000-meteren, på personbeste 31.56,9 då samveldeleikane 1994 fann stad i Victoria i British Columbia.

Murray sine personlege rekordar er elles 4.01,2 på 1500 m, oppnådd i Oslo i 1987, nemnde 8.29,0 på 3 000 m og 14.56,9 på 5 000 m frå London i 1995.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 3 000 m – 8.37,1 VM 1987 i Roma: Nr 7 på 3 000 m – 8.43,9. Utslått på 1500 m (4.07,8=nr 18) OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje på 3 000 m – 8.29,0 EM 1990 i Split: Gullmedalje på 3 000 m – 8.43,0, framom Jelena Romanova (8.43,6) VM 1991 i Tokyo: Nr 10 på 3 000 m – 8.44,5 OL 1992 i Barcelona: Nr 8 på 3 000 m – 8.55,8 VM 1993 i Stuttgart: Nr 9 på 3 000 m – 8.43,4 EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje på 3 000 m – 8.36,4, bak Sonia O’Sullivan (8.31,8) VM 1995 i Göteborg: Braut 10 000 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yvonne Murray» frå , den 24. august 2019.

World Athletics

Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992