Alina Henadzeuna Talaj () er ein kviterussisk hekkeløpar frå Orsja. Ho vann sølvmedaljen på 100 meter hekk i EM 2012 og EM 2016, i 2015 vann ho bronsen under verdsmeisterskapen i Beijing. I 2015 sigra ho i 60 meter hekk ved hall-EM.
Aktiv Talaj vart nummer to i 100 meter hekk under europameisterskapen 2012 i Helsinki, 0,1 sekund bak Nevin Yanıt frå Tyrkia. Tre år seinare seinare underkjende Det europeiske friidrettsforbundet prestasjonen til Yanit grunna i doping. Ved Sommar-OL i London forbetra Talaj i semifinalen sitt personbeste til 12,84 sekundar, utan det heldt til finaleplass.
I mars 2015 vann Talaj 60 meter hekk då hall-EM fann stad i Praha i Tsjekkia. Fem månader seinare kneip ho bronsemedaljen på 100 meter hekk ved verdsmeisterskapen 2015 i Beijing på ny kviterussisk rekord, 12,66 sekundar. Sommaren 2016 sprang ho i EM i Amsterdam inn til sølvmedalje på tida 12,68, seks hundredels sekund etter tyske Cindy Roleder.
Den 31. mai 2018 vart Talaj klokka inn på sterke 12,41 sekundar under eit stemne i Sankt Pölten i Austerrike. Ho tjuvstarta i EM-finalen 2018 og diskvalifisert.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Utslått i semifinalane (=nr 15) EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 12,91. Gullmedaljøren sitt løp vart seinare annullert OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (12,84=nr 13) VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane (12,82=nr 9) EM 2014 i Zürich: Nr 5 – 12,97 VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 12,66 EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 12,68, bakom Cindy Roleder (12,62) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane (13,66=nr 21) VM 2017 i London: Nr 6 – 12,81 EM 2018 i Berlin: Diskvalifisert i finalen (=nr 11)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alina Talay» frå , den 26. august 2019.
World Athletics
Kategori:Belarusiske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Belarus Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016