Ringvassøy kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1977 som ligg på Hansnes i Karlsøy kommune i Troms. Kyrkja er bygd i betong og har 400 sitjeplassar. Arkitekt var Nils Toft.

Tanken om å byggje kyrkje på Hansnes vart lansert i etterkrigsåra da bygda vart etablert som kommunesenter i Karlsøy kommune. Det fyrste forslaget vart fremja formelt i 1953, og lenge var det snakk om å flytte Karlsøy kyrkje frå Karlsøya til Hansnes. Men lite skjedde før prestesetet òg vart flytta til Hansnes i 1970.

Biskop Kristen Kyrre Bremer vigsla kyrkja 12. juni 1977 etter at bygdefolket hadde samla inn store summar til bygginga.

Inventar Over altaret heng ein keramisk kross som er laga av kunstnaren Marie Fangel frå Tromsø. Harald Bodøgaard har laga ei gulldue som heng over døypefonten, medan Bjørg Heggstad Jakhelln har laga eit vevd teppe. Finn Henrik Bodvin har laga fem tresnitt med ulike bibelske motiv. Orgelet er frå 1980 og har 13 register.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ringvassøy kirke» frå , den 1. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Karlsøy kommune

Kategori:Kulturminne i Karlsøy Kategori:Kyrkjer i Karlsøy Kategori:Kyrkjer i Tromsø Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1977